Mattilsynet
Vil du lage innhald som gjer det enklare å gjere rett? Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag. Vi jobbar for trygg mat og trygt drikkevatn, god helse hos planter og dyr og god dyrevelferd. For at brukarane våre skal kunne følge regelverket, ta gode val og finne ut kva dei skal gjere, må informasjonen vår vere tydeleg, relevant og enkel å bruke. Derfor søker vi innhaldsdesignarar som vil vere med på å utvikle, strukturere og forbetre innhaldet på mattilsynet.no og andre digitale flater. Hos oss handlar innhaldsdesign om meir enn å skrive gode tekstar. Det handlar om å forstå brukarbehov, gjere komplekst regelverk og fagstoff forståeleg, strukturere informasjon og bidra til digitale løysingar som fungerer i praksis. Du blir ein del av team innhaldsdesign, eit fagmiljø som er i utvikling og jobbar med å gjere innhaldet vårt tydelegare, meir brukarvennleg og enklare å forvalte. Samtidig vil du samarbeide tett med fagmiljø, innhaldseigarar og produktteam for å lage innhald som er klart,…
Dit is een verkorte versie van de vacature. Lees de volledige vacature op NAV
Deze vacature is afkomstig van NAV. InkludX heeft het inclusiebeleid van deze werkgever niet geverifieerd. Controleer de details bij de werkgever voordat u solliciteert.