Digitaliseringsdirektoratet Avd Leikanger
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne. Teknologi Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript,…
Dette er en forkortet versjon av annonsen. Les hele annonsen på EURES
Denne annonsen kommer fra EURES. InkludX har ikke verifisert denne arbeidsgiverens inkluderingspraksis, så sjekk detaljene med arbeidsgiveren før du søker.