Sporafjell barnehage, Klepp kommune
Sporafjell barnehage ligg toppen av Verdalen med nærleik til natur, turmål og gode opplevingar rett utanfor døra. Me har 8 avdelingar i eit moderne og framtidsretta bygg som legg til rette for leik, utforsking og læring. Handlingsregelen vår er enkel: «Saman skapar me positiv energi» Det skal merkast i møte med barn, foreldre og kollegaer kvar einaste dag. Me spurde nokre av barna kva dei meiner er viktig når nokon nye skal begynne sjå oss, og dei sa: * Ha eit smil * Leika med oss * Trøysta oss når me slår oss eller blir lei oss * Å bli med oss når me har lyst * Passa på oss * At me kan gå på tur saman I Sporafjell barnehage trur me at dei beste barnehagane blir skapte av fagfolk som får bruke kompetansen sin. Difor byggjer me ein kultur der pedagogar ikkje berre gjennomfører kvardagen, men er med og utviklar han. No søkjer me ein pedagogisk leiar som ønskjer meir enn ein jobb. Me ser etter deg som er oppteken av kvalitet i praksis, brenn for barns leik og utvikling, og som ønskjer å v…
Esta es una versión resumida de la oferta. Leer la oferta completa en NAV
Esta oferta proviene de NAV. InkludX no ha verificado las prácticas de inclusión de este empleador, por lo que te recomendamos confirmar los detalles con el empleador antes de postularte.